Valprogram for MDG Sveio - 2015-2019

Tre på topp for MDG Sveio. Fra venstre: Arve Myklebust (nr.3), Ole-Ørjan Hov (nr. 2) og Hanne Enerstvedt Løvland (nr. 1)
Tre på topp for MDG Sveio. Fra venstre: Arve Myklebust (nr.3), Ole-Ørjan Hov (nr. 2) og Hanne Enerstvedt Løvland (nr. 1)

“Miljøpartiet Dei Grøne sitt mål er eit medmenneskeleg samfunn i økologisk balanse. Økonomien skal underordnast sunne økologiske prinsipp, og fremja fred og rettferd både lokalt og globalt. Livskraftige lokalsamfunn basert på lokale ressursar er ein føresetnad for å nå målet. Vi tek mål av oss til å utforme ein heilskapleg politikk for notid og framtid, basert på tre grunnleggjande solidaritetsprinsipp; solidaritet med andre menneske, solidaritet med framtidige generasjonar, og solidaritet med dyr og natur.”

 

EIT GRØNARE SVEIO

Miljøpartiet Dei Grøne i Sveio set samspelet mellom menneske, natur og biologisk mangfald i sentrum for politikken. Korleis skal kommunegrensa sjå ut i framtida? Korleis vil miljøomsyn vektast opp mot nye kommersielle interesser og framtidsretta næringsutvikling? Korleis gjer me Sveio grønare samstundes som me tek omsyn til dyr og natur? Det vil også truleg bli naudsynt å tydeleg definere for oss sjølv som sveibuar korleis me vil at det skal vere å bu i Sveio i framtida.

Vi vil ha ei bygd som bevarer landbruk og grøne område, som tek vare

på og utviklar lokalsamfunnet og det lokale næringslivet. Vi vil ha ein open, rettferdig og inkluderande kommune som er ein god plass å jobbe og bu gjennom heile livsløpet. Vi vil ha ein klimasmart kommune som fokuserer på livskvalitet, tryggleik, møteplasser både for barn, ungdom, vaksne og eldre, og me ynskjer å støtte opp under lokale arbeidsplassar. Sveio må ikkje leggje opp til å vera ein forstad eller gjennomgangsåre for Haugesund medan me let natur og biologisk mangfald øydeleggast og byggast ned.

Miljøpartiet Dei Grøne i Sveio vil løfta bygdene vår vidare i ein god og bærekraftig kommune, og ta vare på dei særskilde kvalitetane me har i Sveio. Det inkluderer frodig natur og kulturrikdom, og lokal verdiskaping.

 

KAPITTEL 1: GRØN UTVIKLING

Miljøpartiet Dei Grøne meiner at det skal vere mogleg å leva godt og miljøvenleg som

innbyggjar i Sveio, og at lokalsamfunnet vårt må organiserast og planleggast slik at det blir ein viktig del av løysninga på miljøproblema. Vi går til val på eit politisk program som peikar ut ei økologisk bærekraftig og framtidsretta samfunnsutvikling for Sveio. MDG har fokus på livskvalitet for alle, framfor stadig aukande forbruk. Me ynskjer at Sveio skal vise i praksis at eit bærekraftig samfunn er ein positiv veg – til beste for alle.

Miljøpartiet Dei Grøne i Sveio vil:

  • At innbyggjarar må kome før utbyggjarar.
  • Verne strandsona og unngå dispensasjonar.
  • Arbeide for meir direkte kontakt mellom innbyggjarar og beslutningstakar gjennom debatt og diskusjonsarenaer
  • At kommunen tar si rolle som Miljøfyrtårn-kommune og Fair Trade-kommune på alvor
  • At kommunen har ein årleg gjennomgang av klimaplanen, og slik sikrer at tiltaka blir sett i verk.
  • Arbeide for ein kommune med ein økologisk og bærekraftig profil.
  • At kommunen lar klimaplanen ligge til grunn ved nyinvesteringar og oppgraderingar av kommunale bygg .
  • Arbeide for at den eventuelt komande Vikingparken tar ein grøn profil.

 

1.1    AREAL/ PLAN

Miljøpartiet Dei Grøne i Sveio ønskjer at Sveio kommune skal opplevast som attraktiv og levande for innbyggjarane. Det vil mellom anna seie at det må planleggjast for klima og miljøvenlege løysingar der vi også tek høgde for klimautfordringane vi allereie veit vil påvirka oss. I plan og utviklingsarbeid må det liggja føre overordna klima, energi- og miljøhandlingsplanar for utslepp, energibruk, avfall, artsmangfald og liknande, som sjølvstendige og integrerte delplanar. Det må også liggja til grunn heilskapelege og gjennomførbare planar for utarbeiding av infrastruktur før utbyggingsprosjekt vert sette i gong. Døme på dette er skule og barnehageplassar, gang og sykkelveg, handlefasilitetar, kollektivtransport, avfallshandtering med meir. Auke i folketal bør i hovudsak skje gjennom fortetting, med omsyn til kor det vert minst transportbehov, der infrastruktur som skule og liknande allereie er på plass, samt ein eigen kollektivtransportplan. Det må vera ein hovudregel å unngå vidare inngrep i natur og topografi, men i staden tilretteleggje for framtidig utbygging i samband med planlagt og eksisterande utbygging. Planarbeidet bør i tillegg til formelle og uformelle høyringsprosessar ha opne prosessar om planane som trekk heile befolkninga med seg gjennom temamøte og foredrag.

Miljøpartiet Dei Grøne i Sveio vil:

  • Prioritere gang og sykkelstier i alle ledd i planleggingen, i tråd med klimaplanen.
  • Verne all matjord, friområde og truga dyrearter.
  • Krevje at utbyggingsprosjekt skal bindast til rekkefølgjekrav
  • Unngå sal av kommunale tomter og bygg som kan få framtidig økonomisk, historisk eller kulturell verdi

 

1.2      ENERGI OG KLIMA

Miljøpartiet Dei Grøne vil gje Noreg ei fornybar framtid. Bruk av olje, gass og kol står i dag for hovuddelen av dei menneskeskapte klimaendringane, og kan ikkje danne grunnlaget for ein berekraftig økonomi. Ved å satse på ENØK og fornybare energikjelder, vil MDG gje ”oljeeventyret” ein lukkeleg slutt. Energipolitikken må sjåast i samanheng med forbruket generelt, og utformast slik at den ikkje rammar sosialt skeivt.

I tillegg må kollektivtransporten styrkast betrakteleg. Miljøpartiet Dei Grøne vil gjere det lettare for deg å velje miljøvenleg, og då må det vere på plass eit kollektivtransporttilbod som er konkurransedyktig med privatbilisme på effektivitet og pris.

I tillegg vil Miljøpartiet Dei Grøne i Sveio arbeide for innføring av ei årleg evaluering av den kommunale klimaplanen for Sveio kommune. Den kommunale klimaplanen viser kor kommunen sine utslepp kjem i frå, og korleis ein kan jobbe for å redusere desse.

Miljøpartiet Dei Grøne i Sveio vil oppmuntre til nytenking og innovasjon når det gjeld økologiske byggeteknikkar, klimavenlege bygg med redusert energibruk og bumiljø som legg til rette for eit miljøvenleg kvardagsliv. Montering av solceller, solfangarar, biobrensel eller varmepumpeløysingar på andre bygg i kommunal eige bør og vurderast.

Miljøpartiet Dei Grøne i Sveio vil også at det skal leggjast fram realistiske planar for vedlikehald for kommunale bygg. Kommunen må kunne garantere godt inneklima og godt vedlikehald i alle sine bygg. Utbetringar skal gjennomførast der det er naudsynt, ikkje etter at forfallet er eit faktum.

Miljøpartiet Dei Grøne i Sveio vil:

  • Stille strenge krav for utbygging av nye område, med omsyn til tilpassing til landskap, eksisterande bebyggelse og lokale verforhold.
  • Setje som mål at alle kommunale einingar som rådhus, skular, barnehagar m.m. vert miljøsertifisert.
  • Utfasing av all fossil brensel i eigne bygg. Byggje opp igjen biobrenselanlegget på Sveio, og leggje til rette for utvida bruk.
  • Setje krav til fornybar oppvarming i bygg kommunen leiger.
  • Utvikle energispareplan for alle kommunale bygg.
  • Integrere miljø, og klimaspørsmål i HMS-arbeid, og følgje opp med kompetanseheving av HMS-personell/verneombod.
  • Arbeide for at Kildesortering av plast også skal inngå i kommunens avfallsrutinar.

 

1.3      SAMFERDSLE

Eit grønt samfunn må ha eit bærekraftig transportsystem. Transportsektoren er ei av dei største kjeldene til klimagassutslepp, forureining, støy og naturinngrep. For å redusera miljøbelastningane er det viktig å bremsa veksten i sjølve omfanget av transport. Miljøpartiet dei Grøne vil konsekvent prioritere dei transportmåtane som belastar miljøet minst. Når det gjeld personreiser vil det seie å satsa på kollektivtransport med buss og leggje til rette for sykkel. Vidare bør det leggast til rette for miljøvenlege personval som elbil og elykkel, noko som må føre til fleire ladestasjonar, gjerne hurtigladestasjonar, og reserverte parkeringsplassar til dette.

Det må samstundes utarbeidast ein god plan for å heva trafikktryggleiken på kommunale vegar. Miljøpartiet dei grøne i Sveio vil arbeida aktivt saman med fylkestingrepresentantane sine for å få utbetra fylkes- og riksvegar i kommunen. I alt arbeid med vegar er det viktig å samstundes ta omsyn til både gåande og syklande.

Miljøpartiet Dei Grøne i Sveio vil:

  • Arbeida for sykkel- og gangstiar i heile Sveio. Det er behov for samanhengande sykkelstiar langs E 39 og R 47 , og inn til alle skular og samfunnshus. Ved utbygging i nye område må det vera krav om tilrettelegging for syklistar og fotgjengarar heilt frå starten.
  • Trafikksikring, mellom anna utbetring av Rød-krysset.
  • At inntekter frå lokale bompengeprosjekt i større grad skal brukast til sykkelstiar og styrka kollektivtilbod, heller enn nye vegar.
  • Sveio har vore tidlig ute med ladepunkt, men trongen vil bli større i åra som kjem.
  • At alle skulevegar i Sveio har fortau og sykkelstiar med tilrettelagt sikker kryssing av veg.
  • At det blir gratis å ta med sykkel på alle bussar i vårt distrikt.
  • At alle nye kommunale tenestebilar er elektriske i den grad det er mogeleg.

 

KAPITTEL 2: GRØN MARKNAD

Ein grøn økonomi føreset ei grunnleggjande haldningsendring innan økonomi og politikk. Dei ytre rammene må fastsetjast politisk, basert på vitskaplege råd om bæreevna til økosystema, saman med føre var-prinsippet. Omlegginga må planleggast nøye, og skje gradvis gjennom utprøving og forsking. Vi må organisera økonomien og velje teknologiar slik at vi oppnår betre, tryggare og enklare liv. Ein demokratisk og mangfaldig økonomi er desentralisert. Vi ønskjer eit mangfald av små, lokalbaserte bedrifter, entreprenørar og samvirkeforetak.

 

2.1      ØKONOMI

Minst to tredelar av kjende fossile energireserver må bli liggjande under bakken i følgje FNs klimapanel. Norsk økonomi er svært oljeavhengig, og det er difor naudsynt med ei kontrollert nedbyggjing av oljeindustrien. Noreg og norske kommunar må også trekkje sine investeringar ut av fossile næringar. Me må stille miljøkrav i innkjøp og la miljø vektast høgt. Gjennom å skape etterspurnad etter for eksempel energieffektive produkt, økologisk mat og frakt av varer med fornybart drivstoff kan me sikre at utvalet blir større og at leverandørane som har satsa miljøvenleg kan halde fram med det.

Miljøpartiet Dei Grøne i Sveio vil:

  • Plassere kommunen sine investeringar i grøne fond, fornybar teknologi, og grønt næringsliv, og unngå plassering i fond som investerer i olje, gass og kol.
  • At verken kommune eller fylkeskommune skal plassere kapital i spekulativ finansverksemd.
  • Avgrense offentleg låneopptak, då dette både stimulerer forbruk og legg større byrder på framtidige generasjonar.
  • Gjenopprette stilling for miljøvernleiar i kommunen.

 

2.2      NÆRINGSLIV

Livskraftige lokalsamfunn treng livskraftig næringsliv. Eit levedyktig lokalsamfunn treng arbeidsplassar til sine innbyggjarar og for sitt inntektsgrunnlag. Miljøpartiet dei Grøne ønskjer å leggje til rette for bærekraftige og miljøvenlege arbeidsplassar i nærmiljøet.

I eit berekraftig samfunn må vi sørgje for at levebrødet vårt kjem frå fornybare energikjelder. I ein overgangsperiode kor fornybar energi gradvis erstattar fossil energi, må kommunen jobba for å utfase oljebaserte arbeidsplassar, og tilretteleggje for nye næringar.

I ein grøn kvardag bør kommunen kunne fungere som rådgjevar, føregangsmodell og pådrivar for å påverke befolkninga og lokalt næringsliv i forbruk og åtferd. Kommunen kan og bidra til å skape marknadar for grøne produktet og etableringshøve for grønt næringsliv. Kommunen bør bidra med oppfølging og teknologiutvikling for bedrifter med store utslepp. Lokalt næringsliv må få informasjon om statlege støtteordningar for miljøteknologi.

Miljøpartiet Dei Grøne i Sveio vil støtta lokal næring som ønskjer å leggje til rette for sal av nærmat og kultur, og arbeida for at kommunen aktivt medverkar ved innkjøp frå og marknadsføring av lokale bedrifter. Vi vil leggje til rette for salplassar for kortreist mat og produkt, der lokale produsentar kan få selje sine produkt og dele av si erfaring.

Miljøpartiet dei Grøne i Sveio vil:

  • Ha mål for nye grøne arbeidsplasser og etablering av miljøvenleg næringsliv.
  • Arbeide aktivt mot arbeidslekkasje og pendling ved å leggje til rette for lokale arbeidsplassar
  • Gjere det attraktivt for bedrifter med lokalt eigarskap å etablera seg i Sveio.
  • Arbeide for regional koordinering og samarbeid blant kommunale einingar og bedrifter.
  • Arbeide for at lokalt entrepenørskap får gode rammevilkår.
  • Kartleggje tomme eigedomar som kan brukast til bustad eller næring.
  • Dreie offentlege innkjøp frå billegaste løysingar til løysingar som er best for framtida (Fair Trade-kommune)
  • Erstatte ufrivillig deltid i kommunal sektor med tilbod om heiltid.
  • Ha forsøk med sekstimarsdag i kommunen.
  • Arbeide for mangfald ved tilsetjingar.
  • Ikkje inngå avtalar med leverandørar som nekter tariffavtale med sine ansatte.
  • At ufaglærte får moglegheit til å ta fagbrev eller relevant høgskuleutdanning.
  • At kommunen stiller fleire lærlingplassar til disposisjon.
  • Ta si rolle som Fyrtårnkommune kommune på alvor, og har lett tilgjengeleg informasjon om dette bla. på heimesida.

 

2.3      LANDBRUK OG HAVBRUK

Miljøpartiet Dei Grøne vil arbeide for å gjenreise eit bærekraftig landbruk og havbruk basert på lokale ressursar som tryggjer arbeidsplassar, opprettheld busetjing og sikrar gode norske matvarer til norske forbrukarar.

2.3.1   BÆREKRAFTIG LANDBRUK

Den reelle sjølvforsyninga i Noreg er synkande. Utmarka gror igjen, og stat og kommune går ikkje av vegen for å leggje den beste matjorda under asfalt og betong. Det har blitt stadig vanskelegare for bøndene å leva av inntektene på garden.

Dette har resultert i lågare sysselsetting i landbruket og nedlegging av små- og familiebruk. Miljøpartiet dei Grøne meiner at bondeyrket framleis er blant dei viktigaste av alle, og at gjennomsnittsbonden må få vesentleg betre inntekt. Auka lønsemd betyr vidare at det blir enklare å ta omsyn til meir miljø og dyrevenleg produksjon.

Det lokale landbruket må produsere trygg mat med minst mogleg belasting på natur, klima og ressursar. Vi har eit samfunnsansvar for at maten vi et er produsert på ein bærekraftig måte, der ein nyttar dei naturgjevne vilkåra og det lokale ressursgrunnlaget. Det er viktig for oss at Sveio har eit levande landbruk som kan produsere kortreist og trygg mat. Småskalaproduksjon må kunne marknadsførast og omsetjast i den lokale marknaden. Miljøpartiet Dei Grøne vil arbeida for at det i Sveio vert betre kontakt mellom bønder og forbrukarar. MDG vil fremje nisjebutikkar, samvirkelag, andelslandbruk, gardsutsal og matnettverk som minskar avstanden mellom bonde og forbrukar.

Miljøpartiet Dei Grøne i Sveio vil:

  • Auke sjølvforsyning av poteter, frukt, grønsaker, mjølk, kjøt og egg i Sveio.
  • Arbeide for ein nullvisjon for nedbygging av matjord.
  • Stimulere bønder til å ha vegetasjon mellom jorder og vassdrag, for å hindre avrenning av nitrat.
  • Bevare myrområda som ein buffersone mot store nedbørsmengder og flaum
  • Arbeide for systematisk og auka bruk av lokale utmarksbeiteressursar
  • Leggje til rette for meir andelslandbruk, kolonihager, parsell- og skulehagar, samt andre former for matproduksjon i Sveio. Jobbe for at dyrka mark i Sveio sentrum blir brukt til produksjon av mat som kan omsetjast lokalt.

 

2.3.2   BÆREKRAFTIG FISKERI OG HAVBRUK

Havområda, fjorden og elvane rommer enorme naturverdiar og viktige ressursar. Fiskerinæringa er ein arbeidsplass og kulturberar som kan leggje grunnlaget for berekraftig næringsverksemd og matproduksjon i framtida. Det er ei utfordring at me ikkje har høve til å kjøpa fersk fisk lokalt. Miljøpartiet Dei Grøne vil leggje til rette for opning av fiskemarknad der fersk fisk kan seljast lokalt.

I dag tillet myndigheitene stadig vekst i oppdrettsnæringa utan å stille tydelege miljøkrav. Dette påfører samfunnet store tap i form av ureining av fjorder, vassdrag og økosystem, og er ein kritisk trussel mot sjøørret og villaks. Miljøpartiet dei Grøne vil jobbe for å gjere dagens ureinande oppdrettsnæring til ei rein framtidsnæring ved å utvikle lukka anlegg som løyser problem ved rømming, lakselus og organiske utslepp. Dersom produksjonen i næringa skal oppretthaldast må også fôrråvarene som vert nytta vere bærekraftige. Vi vil difor jobbe for ei oppdrettsnæring som ikkje bidreg til overfiske, og vi vil minimere bruken av menneskemat til dyrefôr i sjøbruket. Opne anlegg gjer enorm skade på økosystemet i havet. I Sveio har vi også opplevd førstehands utfordringar med rømd oppdrettslaks. Det er ein større risiko enn vi er villige til å ta.

Miljøpartiet dei Grøne i Sveio vil:

  • Stille strengare krav til oppdrettsnæringa, mellom anna ved å krevje at alle anlegg må lukkast innan 2020.
  • Oppfordre til lokal satsing på utnytting av alger og annan vegetabilsk sjømat.
  • At det ikkje blir gitt konsesjon på fleire lokalitetar før miljøutfordringane for oppdrettsnæringa er løyst.
  • At havbruket må skatte lokalt.
  • Leggje til rette for fisketorgdag med sal av fisk direkte frå lokale fiskarar.

 

KAPITTEL 3: GRØNT SAMFUNN

Miljøpartiet Dei Grøne vil styrka lokaldemokratiet, og meiner at gode offentlege tilbod må til for å sikra god livskvalitet. Vi vil sikra at alle får så gode levekår som råd – uavhengig av kjønn, alder, bustad, yrkesstatus eller helsetilstand. Vi vil satsa på små grupper og større pedagogtetthet både i barnehage og i skulen. Vi vil arbeide for eit samfunn som fremjer fysisk og psykisk helse. Vi vil satse på førebyggjande tiltak.

3.1      DEMOKRATI

I eit bærekraftig og solidarisk samfunn er kommunen først og fremst til for innbyggjarane. Kommunen sine tenester må difor vere lett tilgjengelege. Kommunikasjonen må vere open og tydeleg i alle ledd. Miljøpartiet Dei Grøne i Sveio vil ha ein gjennomsiktig politisk arena for å sikre at lokaldemokratiet vert tilfredsstillande ivaretatt. Miljøpartiet Dei Grøne i Sveio vil auke innbyggjarane sin innverknad gjennom fleire folkemøte og større openheit i politiske prosessar. Planar som skal ut på høyring må presenterast for almogen i kortfatta og lett forståelege samandrag for å unngå misforståing og politisk tåkeleggjing. Vi vil óg bruke kommunen sine ressursar til å styrke miljøvern i brei forstand. Miljøpartiet dei Grøne ønskjer at viktig infrastruktur skal vere under offentleg kontroll.

Miljøpartiet dei Grøne i Sveio vil:

  • Arbeide for at Sveio tar sin status som Fairtradekommune på alvor, og blir medlem av Initiativ for etisk handel.
  • At kommunen tar sin klimaplan og årleg informasjon om denne på alvor slik at ein stor andel av alle planlagte kommunale byggeprosjekt, både nybygg og rehabilitering, skal oppnå “nesten nullenerginivå”.
  • Auke stønad til frivillige organisasjonar.

 

3.2      OPPVEKST

Barna representerer framtida, og ein god og trygg barndom for alle er ei hovudmålsetjing for Miljøpartiet dei Grøne. Barnet sine behov for tryggleik og kjærleik, samt fråvær av overgrep og forsømming må alltid bli prioritert framfor andre omsyn. Den gode skulen og barnehagen er basert på anerkjenning av barnet som sjølvstendig individ, og skal stimulere til samfunnskritisk tenking med stor vekt på praktiske ferdigheiter og erfaringar. Barna skal oppleve og tileigne seg medmenneskelegheit, toleranse, empati og ikkjevald.

Verksemdene i skulen og barnehagen bør i større grad baserast på tillit til pedagogane sine fagkunnskapar og mindre på målstyring og byråkratiske ordningar. Oppvekst må sjåast i eit heilskapleg perspektiv. Miljøpartiet Dei Grøne ønskjer difor å auka midlar til førebyggande tiltak i barnehage og skule for å unngå utfordringar seinare i utdanningsløpet, også for barn utan diagnosar. Det er også viktig at ungdom som ikkje har fått tilstrekkeleg oppfølging i grunnskuleløpet får hjelp til få gjennomført skulen på ein verdig måte. Miljøpartiet Dei Grøne krev at kommunen skal ha tiltenkte barnehage- og skuleplassar i kvar plan for utbygging, samt ein langsiktig plan for elevkapasitet som sikrar at skulen har plass til alle elevane når skuleåret byrjar.

Miljøpartiet Dei Grøne i Sveio vil:

  • Sikra godt samarbeid mellom helsestasjon, lege, psykolog og PP-tenesta, og arbeide for betrakteleg raskare saksgong i PPT.
  • At samarbeidet mellom kommunen, psykiatrien og andre relevante instansar vert styrka.
  • At også pårørande til barn med særskilde behov må få tilbod om hjelp. Eigne søskengrupper kan bidra til å førebyggja/lette utfordringar i familiar kor eit søsken slit med helseutfordringar.
  • Sikra at kommunen har tiltak for å fanga opp og hjelpa barn der foreldre slit med psykiske problem.
  • Sikra at tiltak som er gjort ikkje fell bort på bakgrunn av økonomi.

 

3.2.1   BARNEHAGE

Barnehagen er ein viktig del av barndommen. Her skal barna få ein kvalitativt god, sunn og trygg kvardag. Kompetente vaksne skal ivareta deira behov for omsorg og leik. Barnehagane er også fullverdige lærings- og danningsarenaar samen med skulane, og dei representerer første ledd i utdanningsløpet.

Miljøpartiet Dei Grøne vil at barnehagane skal gje barna eit innblikk i bærekraftig utvikling, viktigheita av naturvern og forståing for kor maten vår kjem frå. Kjeldesortering og anna konkret miljøarbeid for barn skal vere med som naturlige innslag. Alle barn skal bli sett og få den oppfølginga dei har behov for. Både kommunale og private barnehagar skal halda høg kvalitet, med små barnegrupper, riktig utdanna personell og god bemanning. Kommunen må også passe på at barnehagane følgjer kompetansekrav. Det må prioriterast kvalifiserte pedagogar med høg kompetanse, og som norm ikkje gjevast dispensasjonar til stillingar med utdanningskrav. Pedagogar som allereie arbeider i sektoren bør jamleg bli tilbudd kompetanseauke.

Miljøpartiet Dei Grøne i Sveio vil:

  • At kommunen må ha minimum to barnehageopptak i året og løpande opptak av eittåringar.
  • Videreføra ordninga med spesialpedagogisk team.
  • Sikre høg kvalitet i både kommunale og private barnehagar i Sveio.
  • Sikre konkrete og rettvise rammer for tilskotsgjeving for private barnehagar.
  • Arbeide for fleire mannlege tilsette i barnehagar.
  • At barnehagane i kommunen skal utføra kjeldesortering og anna miljøarbeid for barn, og arbeide for miljøsertifisering av barnehagane.

 

3.2.2   SKULE

Skulen skal vere ein plass for nyfikenheit og kunnskap der barn og unge skal veksa som samfunnsansvarlege medmenneske. Alle elevar skal lære å utvikle seg ut frå sine eigne føresetnadar og få den støtta dei treng. Miljøpartiet Dei Grøne vil ha ein skule tufta på kvalitet, med mindre grupper og fleire lærarar. Det må leggjast til rette for gode samarbeidsrutinar mellom pedagogar og assistentar. Skulen skal ikkje vera ein kuttpost for trong kommuneøkonomi.

Vi vil begrense rapporteringskrava, senke antall elevar per lærar og sørgje for at det vert lagt til rette for fagleg påfyll og vidareutdanning når det er naudsynt eller ynskjeleg. Lærarane sjølv har størst innsikt i korleis skulekvardagen fungerer best. Deira innspel må ligge til grunn for framtidas skule. Skulekvardagen i grunnskulen skal kunna vurderast i fellesskap mellom skule og heim.

Skulen er ein viktig arena for å fanga opp problem på eit tidleg stadium, og for å byggje trivsel og tryggleik seinare i livet. Barn skal lære å vise empati og beskyttast mot mobbing, mishandling, vanskjøting og overgrep, anten det skjer i heimen eller ute. På skulen skal elevane ha tilgong til rådgjevar, psykolog og helseteneste, samt en studie- og yrkesrettleiar når dei treng det. Det skal vere låg terskel på tilgong til desse tenestane, og alle har eit ansvar for å gripe inn når dei oppdager mobbing. Det skal utarbeidast tilgjengelege mobbeplanar som er bygde på forskning.

Miljøpartiet Dei Grøne i Sveio vil:

  • Krevje trygge skulevegar for alle elevar.
  • Styrke kreative fag i skulen.
  • Ha på plass ein minsteressursnorm for lærartettleik.
  • Arbeide for å innføre fruktordning i skulen.
  • At skulane skal praktisere gjenvinning og energisparing.
  • Ha kjeldesortering i aktiv bruk i skulane.
  • Opprette skulehagar med tilgang for skulane i Sveio.
  • At barn med særskilde behov har prioritet både i og etter skuletid.
  • At det skal leggast til rette for vidareutdanning av lærarar og andre tilsette i skulen.
  • Krevje timeplanfesta samarbeidstid for pedagogar og assistentar til beste for elevane dei skal samarbeide om.
  • Arbeide for å styrke vaktmeistertenesta på skulane. Stillingen kan da fungere som ein kombinert vaktmester- og miljøarbeiderstilling i lag med elevane.
  • At symjebassenget skal vere fyllt opp heile skuleåret. At symjeopplæringa skal vere lik i mengde for alle elevane i Sveio kommune.
  • At alle skulane innfører eit felles skolebasert antimobbeprogram med dokumentert effekt.
  • La skulen vere ein aktiv del av nærmiljøet, til dømes ved bruk av besøksgardar, samarbeid med bedrifter, kjennskap til lokale kulturminne og stadsnamn.
  • Eigen administrasjon på ungdomsskulen.

 

3.3      HELSE OG OMSORG

Eit trygt og inkluderande samfunn med små økonomiske skilnadar er viktig for god helse. Miljøpartiet Dei Grøne i Sveio vil satsa på førebygging og på ei styrking av pleie og omsorgstenestene i kommunen. Vi ønskjer ikkje konkurranseutsetjing av tenestene og vil leggje vekt på å sikre høg kompetanse for alle som arbeider i helse- og omsorgssektoren. God fysisk og psykisk form er viktig både for unge og gamle. Miljøpartiet Dei Grøne i Sveio vil leggje til rette for daglig mosjon i form av gange og sykling, og for kontakt med natur og dyr. Ein grøn politikk vil redusere helseskader frå forureining og fremje sunn mat. Miljøgifter som er lite nedbrytbare kan ha langtidsverknader som fører til helseskade. MDG vil difor ha langt sterkare tilsyn med og vern mot utslepp av miljøgifter enn det vi har i dag. Føre var-prinsippet må leggjast til grunn, og forbrukarinformasjonen må betrast.

Vi vil auke ressursane til psykisk helsevern, slik at alle med psykiske sjukdomar får tilfredsstillande behandling og oppfølging. Dette gjeld også om tilstanden er knytt til eit rusproblem.

Førebygging av rusproblem og psykiske sjukdomar må prioriterast høgare slik at slike pasientar ikkje blir stigmatisert. Vi vil leggje til rette for at personar med redusert arbeidsevne kan få jobba med tilpassa, meiningsfullt arbeid.

Miljøpartiet Dei Grøne i Sveio vil:

  • Sikre permanent plass på sjukeheimen for trengande.
  • Sikre tilbod om meiningsfulle aktivitetar og kontakt med andre delar av samfunnet for pasientar i institusjonar.
  • Leggje til rette for korttidsopphald for dei som treng plass i kortare periodar.
  • Leggje til rette for at eldre som er friske nok til det, kan bu heime.
  • Avgrense talet på faste pleiarar i heimesjukepleia som kvar brukar treng å forhalde seg til.
  • Bruke pårørande som ein ressurs i arbeidet med pleie, rehabilitering og habilitering.
  • At det er høg tettleik av fagutdanna tilsette i helsevesenet.
  • Leggje til rette for etter- og vidareutdanning for alle faggrupper i sektoren
  • Leggje vekt på førebyggande helsearbeid ved å styrkje barnevern og helsesøstertenester.
  • Sikre tilgang på vegetariske alternativ for dei som ynskjer det ved dei kommunale institusjonane.
  • Styrke vaktmeistertenesta ved alle større offentlege institusjonar, skular og ved sjukeheimen.
  • Betre innemiljø ved offentlege bygg.
  • Arbeide for at det blir slutt på bruk av ufrivillige deltidsstillingar, rett til heiltidsstilsetjing innan pleie og omsorg.

 

3.4      SOSIALPOLITIKK OG INTEGRERING

Miljøpartiet dei Grøne er opptekne av å bekjempe ny fattigdom og sosiale skilnader. MDG meiner at det er ei offentleg oppgåve å lette prispresset i bustad marknaden. Vi vil føre ein politikk som gjer det mogleg for alle å skaffe ein nøktern bustad til overkommeleg pris. Dette skal vere mogleg både for dei som ønskjer å eige, og dei som føretrekk å leige. Vi ønskjer å gjenreise den sosiale bustadpolitikken. Miljøpartiet dei Grøne i Sveio vil jobbe aktivt for god inkludering av alle minoritetar i samfunnet, og aktivt motarbeide rasisme og annan form for diskriminering. Vi vil ta initiativ til at Sveio kommune tar sitt ansvar for busetjing av flyktningar.

Miljøpartiet Dei Grøne i Sveio vil:

  • Gi betre tilbod til flyktningar.
  • Arbeide for å finna gode løysingar på utfordringar ved språkvanskar og kulturelle skilnadar.
  • Motverke diskriminering ved tilsettingar, og legge til rette for funksjonshemma.
  • Imøtekome behovet for rimelege husvære for personar med særlege økonomiske utfordringar. Dette kan gjerast ved å sikre tilstrekkeleg mange kommunale og ikkje-kommersielle utleigebustadar ved nybygging.
  • At den økonomiske sosialhjelpa skal samsvare med staten sine nasjonale satsar.
  • Styrke startlånordninga.
  • Leggje til rette for nonprofit boligstiftelser.

 

KAPITTEL 4: GRØNE OMGJEVNADER

Miljøpartiet dei Grøne har som utgangspunkt at menneska ikkje er heva over naturen, men er ein del av den. Vi har eit moralsk ansvar for å ta vare på naturen, og vår eksistens er avhengig av vårt samspel med omgjevnadene våre. Den menneskeskapte kulturen er også ein del av våre omgjevnader, og speler ei fundamental rolle i livskvaliteten og identiteten vår. Det er difor viktig at vi dyrkar og ivaretek eit mangfaldig kulturliv, som også vert bevart for framtidige generasjonar.

4.1      NATURVERN

Heile eksistensen vår er avhengig av naturen. Vi i Miljøpartiet dei Grøne meiner at naturen har eigenverdi utover nytteverdien for menneske, og at det er eit mål i seg sjølv å bevare mest mogleg urørt natur til framtidige generasjonar. Naturvernet er viktig for å verne ulike naturtypar, artsmangfald og av klimaomsyn. Vi skal ha som mål å kontinuerleg redusere det økologiske fotavtrykket vårt.

Mennesket sine aktivitetar utryddar no plante, fiske- og dyrearter i eit stort og aukande omfang. Dette skjer også i Noreg. Stadig fleire artar blir raudlista og dermed truga av utrydding.

Det største trugsmålet mot biologisk mangfald er skogbruk. På landsbasis har halvparten av truga artar i Noreg tilhald i skogar. Industriell flatehogst som skapar monokulturell skog gjev jamn og tett skog, men tillèt svært begrensa spekter av liv, og er eit stor trugsmål mot mange artar si overleving. Miljøpartiet Dei Grøne i

Sveio går inn for klare retningslinjer for skogbruk, der plukkhogst og økologisk bærekraftig skogbruk er dei gjeldande prinsippa. I tillegg ønsker vi generelt vern av dei eldste skogane.

Miljøpartiet Dei Grøne i Sveio vil:

  • Auke vern av lynghei, skog, våtmark, havbotn og andre artsrike biotopar i tråd med vitenskapelege anbeæfalingar. 15 % vern av kvar naturtype er eit minstekrav.
  • At viktige leveområde for truga artar vert varig verna mot utbygging, til dømes dammar med salamandarar
  • Ha ei restriktiv haldning til bygging i strandsonen, og nær elver og vassdrag.
  • Ha strenge retningsliner for å unngå spredning av miljøgifter, framande arter eller sjukdomsskapande organismar til vann og natur.
  • At Sveio kommune opprettar ein eigen stilling for miljøvernleiar.
  • Forby planting av sitkagran og andre framande treslag i store bestandar, og redusere utbreiinga av slike bestandar.
  • Unngå bruk av plantegifter. Dette gjeld ikkje berre i landbruket, men også i skjøtselen av offentleg eigedom og langs offentlege vegar.
  • At eventuelle vindmølleparkar ikkje skal komme i vegen for naturmangfald, dyreliv, friluftsliv og rekreasjon, og det skal tas omsyn til lokalbefolkningen med tanke på lyd- og synsforureining. MDG vil i staden satse på havvindkraft og opprusting av eksisterande vasskraftverk.

 

4.2      ARTSVERN OG DYREVELFERD

Miljøpartiet dei Grøne har som utgangspunkt at menneska ikkje står heva over naturen, men er ein del av den. Vern av biologisk mangfald krev vern av leveområder. Det er ein føresetnad at vi menneske klarar å la enkelte av naturområda vere frie for våre inngrep.

Miljøpartiet dei Grøne sin formålsparagraf stadfester at vi ikkje berre skal arbeide for eit samfunn med solidaritet til andre menneske, men også til dyr. Også norsk lov stadfester dyrs eigenverdi. Alle familiedyr og ville dyr så vel som dyr i landbruket, fiskerinæringa, underholdningsindustrien og forskning skal ha høve til glede og kvile. Det er vårt ansvar å sørgje for dyra sine høve til tilgang på naturleg utemiljø og rørsle, samt utfalding av andre artstypiske og individuelle behov. For å sikre artsmangfaldet i kommunen og best mogleg ivareta raudlisteartar bør kommunen få gjennomført kartlegging av viltutbreiing. Dei må inkludere fleire biotopar i Sveio med oppdatert raudlista artar. Levevilkår for raudlisteartar må ha høgare prioriteringsgrad i kommunale planar.

Miljøpartiet Dei Grøne i Sveio vil:

  • Sikre vern av område som huser truga artar.
  • Utvikle ein konkret kommunal plan for vern av salamanderen, og vedlikehald av salamanderparken i Sveio sentrum.
  • Oppfordre hunde- og katteeigarar til ID-merking av dyra sine, og stimulere til kastrering/sterilisering av kattar som ferdast fritt utandørs.

 

4.3      KULTUR OG FRILUFTSLIV

Kunst og kultur er viktig for å skape identitet. Miljøpartiet dei Grøne i Sveio er opptekne av å forvalte profesjonell og amatørkultur, språk, idrett, friluftsliv, matkultur og ulike handverkstradisjonar på ein god måte. MDG ønskjer å vere pådrivarar for å synleggjere og byggje ein felles identitet i Sveio, tufta på verdiane og kunnskapen som alt finst i kommunen vår. MDG vil ivareta og løfte fram dei gode initiativa som kjem frå grasrota. MDG vil sikra gode vekstvilkår for både frivillig og profesjonell kultur.

Kommunen sin kulturkalender må vidareutviklast og vere dekkjande, oppdatert og brukarvenleg, for å synleggjere og tilgjengeleggjere tilboda som finst i kommunen.

Miljøpartiet Dei Grøne i Sveio vil:

  • Oppnemne ei kulturnemnd beståande av representantar frå kunstfeltet, politikarar og administrasjon, som rådgjevande organ for løyvingar til det profesjonelle kulturfeltet og utsmykning av offentlege bygg og uterom.
  • Stø opp om kulturtilbod som til dømes Den kulturelle skulesekken.
  • Sikre at Kulturskulen i Sveio har føreseieleg økonomi og at det ikkje blir lange ventelister. Jobbe for vidareføring og utviding av dei gratistilboda som allereie blir gitt, og som har vore ein suksess.
  • Styrke fritidstilbud til barn og unge ved å støtta idrettsklubber, fritidsklubber, kafear, kulturaktivitetar ol. og andre møteplasser basert på ungdommens egne premisser.
  • Innføre stønadsordning for rusfrie helgetiltak for kulturtilbod for og av ungdom, arbeide for å opprette ein rusfri samlingstad med tilbod for ungdom melom 16 og 20 år. Utvide House of Fun til å vere to gonger i månaden. Me vil vere positive til private aktørar som støttar opp om slik arbeid. Ungdomsrådet må vere sentral i utforminga av dette tilbodet.
  • Me støttar opp under arbeidet for nytt soknehus.

 

4.3.1   IDRETT OG FRILUFTSLIV

Miljøpartiet dei Grøne anerkjenner naturen sin eigenverdi, og at den er ei svært viktig kjelde til menneskeleg trivsel og opplevingar. Friluftsliv inneberer både store og små opplevingar i naturen. Tilgjengelege og godt opparbeidde turstiar sikrar at så mange som mogleg kan ta naturen i bruk. Friluftsliv i seg sjølv har ein påviseleg og positiv påverknad for både fysisk og psykisk helse, og desse er blant dei viktigaste

lågterskeltilboda for fysisk aktivitet i kommunen. Gjennom naturopplevingar utviklar mennesket forståing for økologisk tankesett og viktigheita ved naturvern, og vert i stand til å sjå samanhengen mellom menneske og natur. MDG vil støtte tiltak for å tilretteleggje og stimulere til friluftsliv, særleg tiltak retta mot barn. Det er ein reell fare for klima og miljø at barn veks opp utan å bruke eller ha eit forhold til naturen, og difor ikkje har forståing for viktigheita ved naturvern. Miljøpartiet Dei Grøne i Sveio meiner også at det er svært viktig å verne allemannsretten og vår felles natur. Den organiserte idretten er viktig for barn og vaksne. Idrettslaga er viktige pilarar i ein kommune, både som utøvar av det idrettsfaglege, men også som ein sosial brobyggjar i kommunen. Det er difor viktig at den organiserte idretten for barn ikkje blir gjenstand for usolidarisk klasseskilje ved for høge avgifter og kostnadar til utstyr. Det er vanlegvis den organiserte idretten som er gjenstand for politisk fokus, men mange fysiske idrettsaktiviteter er også uorganiserte. Miljøpartiet Dei Grøne vil anerkjenne den uorganiserte idretten som kjelde til fysisk aktivitet og som ein sosial arena.

Miljøpartiet Dei Grøne i Sveio vil:

  • Sørgje for ei rettvis fordeling av midlar mellom dei ulike idrettsanlegga.
  • Leggje til rette for meir fysisk aktivitet uavhengig av dei store idrettsorganisasjonene, som skateboard, fotball og leik i nærmiljøet, turar i naturen, m.m.
  • Kartleggje høve for å gje fleire område vernestatus som friområde.
  • Sjå på tiltak som kan stimulere til meir ikkje-organisert idrett, frilufts- og kulturliv.
  • Styrke skuleprogram for trivsel og meistring i samband med friluftsliv.
  • Styrke arbeidet med turstiar med kommunale midlar til dei frivillige laga som gjer dette arbeidet.
  • Opparbeide eigna stiar for tilgong med barnevogn/rullestol.
  • Arbeide for fylkeskommunale initiativ for turvegar, turstiar o.l. på tvers av kommunegrenser.

 

4.3.2   KULTURMINNEVERN

Sveio er ein kommune med ei rik historie. Mange gjer eit viktig arbeid med å løfte fram denne historia, til dømes Sveio kystlag og Sveio gullforening. Aktiviteten rundt Fartein Valen-heimen er òg med på å fremje viktig lokal og nasjonal kulturhistorie.

Diverre er det svært mykje anna kulturhistorie som ligg urørt og usynleg. Det vert

sett av alt for lite ressursar til å kunne ivareta slike uerstattelege verdiar, og mykje er alt borte. I det nasjonale kulturminnevernet har særleg kystkulturen vore forsømt. Ein kystkommune som Sveio har eit særleg ansvar for å ta vare på kulturminne knytt til bruk av kysten.

For grunneigarar kan detopplevast belastande både økonomisk og praktisk å ha ansvar for kulturminne. Det er viktig at det offentlege gjev god støtte, både fagleg og økonomisk, til eigarar av verdifulle kulturminne.

Miljøpartiet dei Grøne i Sveio vil:

  • Følgje opp tiltak i kulturminneplanen.
  • Halde fram med å støtte vern og drift av Valenheimen.
  • Innføre lokal tilskotsordning til privat kulturminnevern.
  • Arbeide for skilting og merking av fleire turstiar i tilknyting til kulturminne.
  • Opprette lokal kulturvernpris.
  • Auke ressursane til utvikling av biblioteket si lokalhistoriske avdeling
  • Arbeide for ei nyutgjeving av Sveio gards- og ættesoge, og oppstart av arbeid med kultursoge for Sveio.
  • Innføre fritak for eigedomsskatt for verna bygningar.