Gode vilkår for landbruket

Felleslista for MDG og SV i Sveio vil arbeida for å sikra gode vilkår for eit levande landbruk i kommunen. Saman med småbedriftene er jordbruket ei hjørnesteinsbedrift i Sveio.

Jordvern er avgjerande både for å sikra behova til landbruksnæringa lokalt, og for framtidig matproduksjon. Jordbruksjorda i sentrale område er under press frå mange kantar, men har store moglegheiter og er ein ressurs me kan nytta til noko positivt. Her må me tenkja kreativt rundt bruk av areala og satsa på produksjon av kortreist mat til innbyggjarane.

I Sveio har talet på gardsbruk i drift stabilisert seg etter mange år med nedgang, og fleire unge kjem inn i næringa. Dette er svært positivt. Me treng busetnad og drift på både små og store bruk. For å sikra drift på alle bruk er det viktig å arbeida for at både konsesjonslova og anna lovverk som regulerer arealbruken i kommunen, blir handheva på ein konsekvent og tydeleg måte.

Ei livskraftig landbruksnæring i heile kommunen skapar store verdiar for fellesskapen i form av vakkert kulturlandskap og lokal matproduksjon. Kommunen må vera med og leggja forholda til rette for næringsutvikling bygt på lokale ressursar, både i tilknyting til landbruket og på andre område.

 

Ellen Tveit

Bjørnar Økland

2. og 3. kandidat på felleslista for MDG og SV